Astrid Herland
Astrid Herland – Noregs vestlegaste esoteriske astrolog
Eg heiter Astrid Herland og bur på øya Atløy – heilt ute ved havet. Herifrå arbeider eg som ferdig utdanna Esoterisk Astrolog, uteksaminert ved Arhat Astrologiskule med lærar Katharina Westblikk. Eg er stolt av å vere Noregs vestlegaste astrolog, og skaparen av dei første norske astrologiske orakelkorta.
Mitt djupaste kall er å hjelpe menneske å forstå si livsoppgåve, løyse karmiske mønster og leve meir i samsvar med sjela. Gjennom horoskopet les vi ikkje berre personlegdom – vi les sjelens reise: talent, ressursar, blokkeringar, tidlegare mønster og det potensialet som ønskjer å bli levd i dette livet.
Astrologien har gitt meg eit heilt nytt språk for å forstå både meg sjølv og andre. Eg arbeider intuitivt, presist og sjelsforankra, og kombinerer esoterisk astrologi med djup innsikt i utviklingsprosessar, medvit og indre leiarskap.
Orakelkorta mine er skapte som eit verktøy for indre rettleiing, refleksjon og kontakt med høgare bevisstheit – både for private, terapeutar og spirituelle søkjarar.
Mi glede er å støtte deg i å stå stødig i ditt eige lys, ta eigarskap til livsoppgåva di – og skinne som den diamanten du er.
Nettside: https://www.astrids-verden.net
Instagram: @astrids_verden.2023
Facebook: Astrids-verden
Privat Facebook: Astrid Herland
Sol i Tyr – Måne i Vær – Ascendant Løve